Memoar i Bergen
Tema: Datahistoria - frå 1970 til i dag. Meir informasjon kjem ca 9. mars
"Eldre folk - problem med data?? Det er jo vi som har laga det, for tusan!". Slik er ein av spissformuleringane til Svein Johannessen - den aller fyrste som "kunne data" i Bergens Sparebank.
Han kom frå treårig EDB-ingeniørutdanning på Bergen Tekniske Skole i 1975. Og sidan?
"Eg skifta aldri jobb - men minst 20 ulike arbeidsgjevarar skifta om å eige meg..."
Forteljinga om Svein Johannessens arbeidshistorie er eit bakteppe for korleis elektronikken endra "alt" i arbeid og privatliv for alle oss andre. Ein verkeleg revolusjon - som nå er på veg over i historia.
Kom og høyr på SJ's minne, og bli med å dele eigne erfaringar og refleksjonar om fortid, nåtid og framtid!
Intervjuarar blir Sebastian Kvamsdal Kaasa og Bjørn Enes. Etter eit komprimert intervju blir det fritt fram for andre.
Lokallag av Memoar stifta i Bergen
Den 24. februar stifta fem av dei mest aktive Memoarmedlennene i Bergen organisasjonens fyrste lokallag. Opprinneleg (2015) var jo Memoar ei foreining i Bergen. Etter kvart har det blitt ein landsomfattande organisasjon - men utan at den interne organiseringa har blitt endra. De siste åra har Memoar gjort store framskritt i arbeidet på nasjonalt og nordisk plan. Dette har naturleg nok gjort at arbeidet i Bergen har kome litt ut av fokus. Men gjennom å danne Memoar sitt fyrste lokallag i Bergen, vil vi mobilisere og involvere fleire frivillige i arbeidet med å utvikle og gjennomføre vellukka lokale intervjuinnsamlingar, opplæringstiltak og formidlingsarrangement.
Stiftarane tok rolla som eit interimstyre med historikar Sebastian Kvamsdal Kaasa som leiar, og fylgjande styremedlemmer: Arve J. Nilsen, Ada Freng, Bjørn Enes og Kari Thorkildsen (ho var ikkje til stade då bildet blei tatt). Så snart den formelle stiftinga er gjennomført (registrering i Brønnøysund, godkjenning som lokallag av Memoars styre etc), vil interimstyret kalle alle Memoar-medlemmer i Bergen inn til fyrste ordinære årsmøte. Der vil interimstyret bli erstatta av - eller omgjort til Bergen Memoars fyrste styre. Frå start vil prioritet nr. 1 for lokallaget vere å halde fram med utviklinga av "Bergensminne" Kontakt gjerne interimstyret på adressa bergen@memoar.no !
Minnedeling på Biblioteket
I oktober og november (2022) gjennomførte vi eit par eksperiment med "lokalhistoriske ettermiddagar" i Auditoriet på Biblioteket. "Eksperimentgjengen" var Ada Freng, Bjørn Enes, Arve Johs. Nilsen og Kari Thorkildsen.
Prøvene var ganske vellukka - og då vi for alvor starta opp arrangementsrekka på nyåret 2023, tok også publikum til å oppdage oss. Vi døypte arrangementet "Bergensminne", og både i januar og februar opplevde vi gode publikumstal. Vi satsar på to arrangement til i vår 21/3 og 18/4. Og så startar vi opp att i september.
Vi vil nå gjerne invitere historielag og andre kulturhistoriske verksemder i Bergen til samarbeid om denne idéen:
Eit arrangement kvar månad vår og haust, i samarbeid med Bergen Off. Bibliotek
Kvar gong skal vi lytte til og samtale med ein "hovudperson" som kan dele sine minner og refleksjonar. Ikkje ein kjendis - men "ein av oss", eller ein av eit interessant miljø i byen.
Korleis delta?
Memoar i Bergen tar på oss å organisere dette, slik at det ikkje blir meirarbeid for historielag og foreiningar som har kalenderen full frå før. Men vi treng samarbeid om:
Kjelder: Vi treng tips om personar som bør intervjuast, og som kan tenkja seg å dele minnene sine med eit lite publikum i Auditoriet på Biblioteket.
Bakgrunn: Det aller beste er om samarbeidspartnaren (laget/foreininga) også kan stille med ein intervjuar eller med-intervjuar som har bakgrunnskunnskap om tematikken som kjeldepersonen kan fortelje om. Viss vi skal gjere intervjuet, treng vi ein førehandsprat for å få litt bakgrunnskunnskap.
Samtykke: Vi vil gjerne gjere opptak av intervjuet/forteljinga, og ta dei inn i den aukande samlinga av munnleg Bergens-historie. For å kunne arkivere slike opptak, må det skrivast samtykke med den som skal intervjuast om opptak, arkivering og bruk.
Fylle salen: Vi er sikre på at munnleg historie og minnedeling er interessant og engasjerande for mange. Men dei treng å "oppdage" det! Derfor vil det vere viktig med samarbeid om marknadsføringa av kvart nytt arrangement.
Datoar: Våren 2023 har vi planar om minnedeling på fem tirsdagskveldar. Det er 24. januar, 21. februar, 21. mars, 25. april og 23. mai.
Invitasjon:
Til historielag og kulturhistoriske foreiningar i Bergen. Lokalt Memoar i Bergen og Bergen off. Bibliotek vil gjerne samarbeide om ein arrangementserie våren 2023.
"Bergensminne" 21/2: Ei forteljing om Anne Sofi Grieg Moe (98) og Ragna Sofie Grung Moe
To kvinner - mor og dotter, som er frodige tidsvitner frå Bergens kunst- og musikkhistorie. Med fargerike minne frå to generasjonar formødre, gir dei glimt frå eit "positivt matriarkat" gjennom 160 år . "Bestemor var elev hos Edvard Grieg, og studerte som han i Leipzig. Men det var ikkje comme-il-faut at kvinner konserterte. Så ho spelte for gjester heime". Og ut frå Grung- og Griegslektenes heimar og familietradisjonar vaks altså desse to livsforteljingane fram. I løpet av hausten har Bjørn Enes intrvjua dei fleire gonger. Den 21. februar 2023 fortalde han tilbake til dei to, på arrangementet "Bergensminne" på Bergen off. bibliotek.
"Bergensminne" 24/1-23: Intervju med Knut Krzywinski.
Den 24. januar var hovudgjesten på Bergensminne Knut Krzywinski. Han hadde mykje å fortelje om viltre gutedagar i ein bergensk sjømannsfamilie, naturfaglinja på Katten på 60-talet ("det var lettare å imponere jentene på engelsklinja...."), universitetet på tidleg 70-tal ("den gong gjekk du på dei førelesingane du hadde lyst på...") og hans finurlege veg inn i biologien. Han fortalde om graving i gamle dassar for å finne ut kor gamal byen eigentleg er - og eit villniss av andre forteljingar som faget og pollen-analysering har ført han inn i. Mellom anna forteljinga om den gråtande kamelen hans, Drageblodstreet. Og geitene, ikkje minst.
Eksperiment 1: Intervju med publikum
Arve Nilsen er ein person med lang og variert livserfaring. Han er tømrar av utdanning, har jobba i mange år med kulturvern og bygningsvern - og mange andre delar av kulturlivet. Dei siste åra har han vore avhengig av rullestol, det har også gitt han veldig interessant innsikt i korleis Bergen ser ut for uføre.
Eksperiment 1 gjekk ut på at Kari Thorkildsen og Bjørn Enes intervjua Arve - med vekt på å få han til å fortelje mest mogleg fritt. Det blei ein interessant kveld! Klikk på videoen, og sjå opptaket.
Eksperiment 2: Intervju og attforteljing
Kari Thorkildsen hadde barndomen sin på Landås, den gong bydelen var under bygging og utvikling. Seinare var familien hennar tidleg ute med hus på Søreide. Ho utdanna seg til konfeksjonsteknikar, og hadde interessante år i konfeksjonsindustrien, før ho bestemte seg for å ta utdanning som førskulelærar. Det førte henne etter kvart inn i dramaarbeid og forteljekunst - og til lektorat på lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet. Eksperiment 2 gjekk ut på at Bjørn Enes fortalde tilbake til Kari og publikum korleis han oppfatta henne som ei levande kjelde til kunnskap om Bergens utvikling etter krigen.