24 Januar 2023
Gjest denne gong: Knut Krzywinski.
"Bergensminne" er fomidling av byens munnlege historie gjennom intervju med bergensarar.
Den 24. januar er hovudgjesten Knut Krzywinski. Han har mykje å fortelje om viltre gutedagar i ein bergensk sjømannsfamilie, naturfaglinja på Katten på 60-talet ("det var lettare å imponere jentene på engelsklinja...."), universitetet på tidleg 70-tal ("den gong gjekk du på dei førelesingane du hadde lyst på...") og hans finurlege veg inn i biologien. Han kan fortelje om graving i gamle dassar for å finne ut kor gamal byen eigentleg er - og eit villniss av andre forteljingar som faget og pollen-analysering har ført han inn i. Mellom anna forteljinga om den gråtande kamelen hans, Drageblodstreet. Og geitene, ikkje minst.
Arrangementet er gratis - og alle er velkomne. Intervjuarar blir Ada Freng og Kari Thorkildsen. Stad: Auditoriet i underetasjen i Bergen off. Bibliotek
Fyrste intervju med Knut:
som ein del av førbuingane til "Bergensminne" gjer vi alltid eit studiointervju med gjesten. Dersom gjesten gir sitt smtykke, publiserar vi også det fyrste intervjuet. Seinare - når arrangementet er gjennomført - publiserar vi også opptak av det som skjer der. Begge deler går inn i den munnlege kjeldesamlinga om levde liv i Bergen. Viss videoer sperra med passord, så er det av di vi ikkje har fått skriftleg samtykke til å fjerne passordet ennå. Spørsmål om passordet må i så fall rettast til intervjuobjektet :-)