Rothaugen

12 februar 2018 starta Memoar, Bergen off. bibliotek og Rothaugen skule samtalar om å samareida om eit krigshistorisk prosjekt våren 2019. Bjørn Enes tok del frå Memoar, Sverre Helge Bolstad frå Biblioteket, Terje Pedersen og Linn-Merethe Kibsgård frå Rothauen skuile. 

Tre vekers prosjekt:
I veke 11-12 og 13 skal seks niandeklassar  på Rothaugen skule (omlag 160 elevar) arbeida med krigshistorie på mange ulike måtar. 25 studentar frå lærarutdanninga i HVL (samfunnsfag) skal leia arbeidet.  I veke 11 skal dei bl.a. innom Fjell Festning. Dei skal også  gjennomføra ei byvandring og gå gjennom eit dataspel om Lebensborn. Dei skal "bygga Holen Skule mm i 3D-program / print. Dei skal propagandaplakatar og illegal radio, høyra foredrag av August Ratke og jerne intervjua tidsvitne.  I veke 13 skal dei produsera ei utstilling. 
Me diskuterte ulike måtar å samarbeida på: 
  • bruk av publiserte munnlege forteljingar som råstoff for radioprogram og illegale aviser. 
  • Bruk av utdrag frå publiserte forteljingar som QR-kodar på punkt under byvandring 
  • Bruk av utdrag frå publiserte forteljingar som innslag i Fotspor-app. Memoar skaffar idéliste til forteljingar som kan brukast.
  • Evt. kan U-skuileelevar logga/dokumentera intervjuopptak. (Dette er særleg aktuelt for dei 10 opptaka som er lista nederst)  
  • Memoar skaffar namneliste med personar som kan intervjuast (Memoar spør dei fyrst) - publiserte interrvju med dei same kan brukast som førebuing.  Aktuelle tema: Krigsseglarar, Russerfangar, barndom i krig,  born av NSmedlem, tyskertøser og tyskerungar,  lebensborn ,
  • Memoar skal forsera arbeidet med å publisera intervjuet med Stamnes om torpedering 
  • Memoar skal også forsera arbeidet med å digitalisera/publisera 10 opptak som varty gjort på Kronstad Forsvarswmueum på 1990-talet. 
  • Memoar skal undersøka med Stiftelsen Arkivet om det kan la seg gjera å  publisera fleire krigsseglarintervju innan prosjektet startar 
Det er aktuelt å leiga inn hjelp frå Memoar 14.mars til å læra opp lærarstudentar i produksjon av innhald til Fotspor-appen, (finna/redigera eigna stoff frå intervjuopptak, innlegging av det i appen, komposisjon av ruter/tema, oversetjing og voiceover for engelsk versjon mm). Det kan også være aktuelt å leiga inn Memoar til opplææring i samband med intervju. 


I forkant av møtet hadde Memoar lansert fylgjande idear til element i Rothaugen sitt prosjekt: 
  • Eksplosjonen på Vågen: Arbeid med forteljingar om korleis born opplevde Eksplosjonen på Vågen og andre hendingar under krigsåra. Materiale finst på bergen.memoar.no/eksplosjonen  (Skriving - dramatisering, redigering)
  • Sjå også Fritidsfilmarane sin dokumentar "Eksplosjonen" - https://vimeo.com/102238498 
  • Krigsminne - Nordhordland:  Arbeid med munnlege forteljingar  som er tilgjengelege på nordhordland.memoar.no/home
  • Krigsminne Voss: Same type materiale er tilgjengeleggjort på voss.memoar.no
  • Krigsminne Bergen: Frå Bergen finst det  10 opptak som treng digiotalisering og som kan tilgjengeleggjerast på same vis (sjå venstre spalte nedanfor). Dei finst i VHS-versjon på Bergen Byarkiv og Bergen off. Bibliotek. 
  • Krigsseglarar: Det finst ein del krigsseglarintervju hos Stiftelsen Arkivet i Kristiansand. Memoar vil veldig gjerne digitalisera og tilgjengeleggjera desse. 
  • Dugnadsprosjekt - munnlege krigsminne:
    • Logging: Stikkordsmessige innhaldsoversyn med tidskodar frå munnleg historie-intervju. Memoar kan stilla lærar til å undervise i korleis ein loggar og lastar loggen opp til nettsida. 
    • Tidskodetagging:  Ein del av logfginga er linking direkte til delforteljingar i lange intervju - slik som dette (Bentein Baardsen fortel om OL-opninga på Lillehammer  for 25 år sidan i dag):  https://vimeo.com/256422226#t=32m25s
    • QR-koding:  tilsvarande  formidling av delforteljingar med QR-kodar ("strekkodar") som kan trykkast på plakatar el.l.
    • Geotagging: Memoar kan stilla lærar til å undervisa i korleis elevane kan laga opplegg til appen Fotspor.mobil
    • Nye intervju:  Det finst enno tidvitner som sikkert stiller opp til intervju. Enklast er det å folk som hugsar krigen som born.  (Eksempel: Vågen). Memoar kan evt. stilla lærar som går gjennom infrastruktur og prosedyrar på avlevering tril Norsk Folkemuseum. 
    • Minner.no - Avlevering av elevarbveid til norsk Folkemuseum, 


For prosjektet med digitalisering av illegale aviser, var prof Leif Ove Larsen sentral. Hvis dei kontaktar han, kan han sikkert rettleie dei i bruken.

Jostein
Primærkjeldeintervju  i VHS-versjon på Byarkivet og i DVD-versjon på Biblioteket:  
(Dei kan digitaliserast på ny for webpuyblisering  frå originalformat (Betacam). 

01 Jan Dahm 30.9 1997 Intervju med Jan Dahm. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 02 Eilertsen, Eilert 1.10 1997 Intervju med Eilert Eilertsen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 03 Eriksen, Birger M. 1.10 1997 Intervju med Birger M. Eriksen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 04 Isachsen, Reidar 30.9 1997 Intervju med Reidar Isachsen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 05 Larsen, Magnhild Hannås 1.10 1997 Intervju med Magnhild Hannås Larsen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 06 Nilsen, Helen Mowinckel 30.9 1997 Intervju med Helen Mowinckel Nilsen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 07 Rathke, August. 30.9 1997 Intervju med August Rathke. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 08 Strand, Odd 1.10 1997 Intervju med Odd Strand. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 09 Strandheim, Jacob 30.9 1997 Intervju med Jacob Strandheim. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. 

 10 Wiig-Andersen, Gunnar 1.10 1997 Intervju med Gunnar Wiig-Andersen. Intervjuer: Jan Eidi. Foto: Jostein Saakvitne. 1 VHS-kassett. - 
Personar som har sagt ja tril å bli intervjua av skuleelevar frå Rothaugen: 

Irene Ellinor Johansen - 

Tlf: 915 98 078
Comments