Organisering

Me er ganske trygge på at det vil lukkast å få finansiert prosjektet. Derfor vil me snarast råd knytta til oss ein prosjektleiar som har kompetanse og som også personleg ynskjer å utvikla ein norsk profesjon tilsvarande det britane kallar ein «oral historian».

Av kompetanse vil me fyrst og fremst sjå etter personlege eigenskapar og livserfaring. Av utdanning vil det vera relevant med historie, etnologi, sosiologi, journalistikk eller kunstfag. Av erfaring vil all livs-, arbeids- og miljøerfaring vera interessant. Me vil legga særleg vekt på motivasjon, og me vil sjå etter ein ung person som ynskjer seg eit permanent yrke som dette.

Snarast råd vil me trekka den komande prosjektleiaren med i det frivillige arbeidet som har utganspunkt i Studio 1 i Bergen Offentlege Bibliotek. Ho/han vil få opplæring i bruk av studio, munnleg historie intervju, dokumentasjon, arkivering og formidling.

Straks me har begynt å få finansiering, vil me etablera prosjektet permanent, med ein rettleiar og ein styringskomite Fylgjande personar har sagt ja til desse rollene:

  • Rettleiar: Bjørn Enes. Han har vore leiar av Memoar sidan starten, og er den som har stå\tt i spissen for utviklinga ar arbeidet rundt Studio 1.

  • Styringskomite :

    • Ingrid Birc Müftüoglu. Ho er antropolog, for tida i ei prof.2-stilling ved UiB Kulturvitskap. Ho er foreslått som sekretær i Memoarstyret frå 2018.

    • Kyrre Kverndokk. Han er professor i Kulturvitskap ved UiB, og ein av dei mest sentrale akademikarane innan munnleg historie i Noreg i dag.

    • (Arkiv/Museumsfagleg person). (Ein museumsfagleg ressursperson er invitert til å sitja i styringskomiteen, men svaret er ikkje avklart på søknadstidspunktet. Alternativ er klart, men me tar ikkje med namn i denne omgangen).




Comments