Kompetanseutvikling

http://kurs.memoar.no
Medan «Oral history» er eit «stort omgrep» i land som Storbritania (Sjå www.bl.uk/projects/national-life-stories), USA (sjå www.oralhistory.org/), og mange andre (sjå www.ioha.org), har det vore lite utvikling på feltet i Noreg. Bergen har nokre av dei sterkaste tradisjonane på feltet, forankra i det som i dag heiter UiB/Kulturvitskap (tidlegare Folkeminne). Ein direkte avleggar av det miljøet er Skeivt Arkiv, som hittil er det største profesjonelle munnleg historie-prosjektet i Noreg.

Det har vist seg at sjølv om det finst mange sentrale fagpersonar og -miljø i Bergen, så har det i ein lang periode vore tendensar til at dei strevar kvar på sin kant, utan tilstrekkeleg kompetanse- og erfaringsutveksling med kvarandre. Hausten 2017 tok Memoar initiativet til ein tverrfagleg konferanse om munnleg historie i Noreg (sjå www.memoarkonferansen.no). Interessa for den har vist med all tydelegheit at det er eit sterkt behov for initiativ som dette. Me ser at der vil vera behov både for mindre, lokale kompetanse- og erfaringsutvekslingar og regelmessige konferansar av same typen. 

Comments