Bakgrunn

Intervjustudio:

Prosjekt Bergen.Memoar.no starta i det små sommaren 2015, ved at ein av Memoarstiftarane intervjua kusina si om tuberkulosehistoria i deira familie. Opptaket vart gjort i Biblioteket sitt musikkstudio. Det gav meirsmak. Biblioteket ga grønt lys for å omgjera musikkstudio til eit kombinert musikk- og intervjustudio. Kommunen ga – etter fem månaders tenketid – litt støtte til utstyr, og sidan januar 2016 har studio vore operativt.

I oktober fekk me presentera ideen om å «ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv», som det heiter i Memoar sin formåsparagraf, på Litterær Lunsj på biblioteket. Alt då danna det seg ein kø av folk som hadde lyst å fortelja. Og då både BT og NRK laga kvar sin reportasje om fenomenet (oktober 2016) vart køen så lang at me seinare ikkje har våga å marknadsføra prosjektet.


Dropp-inn-studio:

Våren 2017 starta Memoar eit forsøk med såkalla «Dropp-inn-studio»: Kvar onsdag bemanna Memoar studio med frivillige som påtok seg å intervjua eller hjelpa andre med intervjuopptak. Dette reduserte etter kvart køen – men det førte i staden til ei opphoping av intervjuopptak som venta på etterarbeidet (dokumentasjon, kvalitetssikring og arkivering/publisering). Per i dag har prosjektet publisert 21 dokumenterte djup-intervju, medan 32 ferdige opptak ventar på å bli ferdiggjorte.


Kurs:

Me fekk økonomisk støtte frå Kulturrådet og fagleg støtte frå Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga til å utvikla eit kursopplegg som skulle passa både for frivillige og profesjonelle «minnesamlarar». Fyrste versjon av kursopplegget var ferdig i januar 2016, og sidan har me køyrt kurs nesten samanhengande. Det er aukande interesse for desse kursa, både blant museumsfolk, andre profesjonelle og blant frivillige – førebels fyrst og fremst i soge/historielag. 

Formidling:

Me starta tidleg ei nettside der alt som vert publisert i Memoar-regi vert formidla. Etter kvart som volumet har auka, har dei viktigaste formidlingssidene blitt «prosjektsider». Prosjektsida Bergen.Memoar.no har eksistert sidan starten. Ho treng ei oppgradering for å bli meir lik dei nyaste, f.-eks. Migrasjon.Memoar.no – eit nytt prosjekt som har vakse ut av Bergensprosjektet.

Utanom den digitale formidlinga, er det munnleg formidling i form av såkalla forteljarpanel som har blitt hovudformen for formidling. Det er publikumsarrangement med panelsamtale mellom ein intervjuar og forteljarar som han/ho har intervjua i studio i forkant. Det har vist seg vera svært innhaldsrike og publikumsvenlege arrngementsformat.


Kompetanseutvikling:

Medan «Oral history» er eit «stort omgrep» i land som Storbritania (Sjå www.bl.uk/projects/national-life-stories), USA (sjå www.oralhistory.org/), og mange andre (sjå www.ioha.org), har det vore lite utvikling på feltet i Noreg. Bergen har nokre av dei sterkaste tradisjonane på feltet, forankra i det som i dag heiter UiB/Kulturvitskap (tidlegare Folkeminne). Ein direkte avleggar av det miljøet er Skeivt Arkiv, som hittil er det største profesjonelle munnleg historie-prosjektet i Noreg.

Det har vist seg at sjølv om det finst mange sentrale fagpersonar og -miljø i Bergen, så har det i ein lang periode vore tendensar til at dei strevar kvar på sin kant, utan tilstrekkeleg kompetanse- og erfaringsutveksling med kvarandre. Hausten 2017 tok Memoar initiativet til ein tverrfagleg konferanse om munnleg historie i Noreg (sjå www.memoarkonferansen.no). Interessa for den har vist med all tydelegheit at det er eit sterkt behov for initiativ som dette. Me ser at der vil vera behov både for mindre, lokale kompetanse- og erfaringsutvekslingar og regelmessige konferansar av same typen. 

Comments