Prosjektskildring

Prosjekt Bergen Memoar:

Den frivillige organisasjonen Memoar presenterer i det fylgjande eit treårig munnleg historie (oral history) prosjekt som me vil arbeidafor å få starta opp i løpet av 2018 og fullført i 2020eller 2021. Presentasjonen vert brukt både diskusjonsgrunnlag for memoar sitt arbeid i Bergen og som vedlegg til finansieringssøknader til lokale, regionale og nasjonale aktørar.

Alt innhald i prosjektet er utvikla og utprøvd gjennom frivillig innsats i perioden 2015-2018. Me ynskjer no å føra dette arbeidet over i ei ny fase, der det frivillige engasjementet kan halda fram å veksa, på same tid som det kan bli knytta endå sterkare saman med dei profesjonelle fagmiljøa innan munnleg historie i Bergen. Avgjerande for å få dette til er at me kan tilsetja ein prosjektleiar, aller helst på full tid.

Ambisjonen vår er at innan prosjektavslutting, skal den fyrste permanente stillinga innan munnleg historie i Bergen vera etablert enten i ein av kulturinstitusjonane i byen (bibliotek, museum, arkiv eller universitet/høgskule) eller i organisasjonen Memoar sjølv.

I prosjektperioden skal den som vert tilsett i stillinga arbeida med:

  • Intervjuopptak og rettleiing av andre intervjuarar

  • Produksjon av bevaringsverdig munnleg historie gjennom dokumentasjon, kvalitetssikring og arkivering av eigne og andres intervjuopptak.

  • Kurs og rettleiing om munnleg historie intervju og produksjon av bevaringsverdig materiale.

  • Kompetanseutvikling gjennom samarbeid med andre profesjonelle fagmiljø innan munnleg historie og gjennom å organisera erfarings- og kunnskapsutveksling mellom profesjonelle og frivilige.

  • Formidling av munnleg historie gjennom publisering på nettside, bloggar, publikumsarrangement og andre formidlingstiltak.

  • Rådgjeving og rettleiing til bibliotek, musé, arkiv og til frivillige organisasjonar om utvikling av munnleg historie (etablering av intervjustudio, gjennomføring av kurs, formidlingstiltak, organisering av innsamlingsprosjekt osb)


Me har tru på at ei permanent stilling som dette høyrer mest naturleg heime i ein av dei eksisterande kulturinstitusjonane, som f.eks. Bergen Offentlege Bibliotek eller i Bymuseet. Men på same tid trur me at utviklinga fram mot ei permanent stilling vil få best framdrift dersom prosjektet vert forankra i Memoar. Memoar har munnleg historie som sitt hovudfokus, medan institusjonar som dei nemnde har mange andre konkurrerande fokus.

  • 1.Februar 2018 søkte me  Bergen Kommune om eit bidrag på kr. 150.000,.- av i alt 485.000 som er budsjettert fori 2018.  Svar er venta ca 1.- mai 
  • Etter kvart som andre søknader vert sende, vil me oppdatera informasjonen om søkesummar på nettsida Bergen.Memoar.no

Bakgrunn:

Intervjustudio:

Prosjekt Bergen.Memoar.no starta i det små sommaren 2015, ved at ein av Memoarstiftarane intervjua kusina si om tuberkulosehistoria i deira familie. Opptaket vart gjort i Biblioteket sitt musikkstudio. Det gav meirsmak. Biblioteket ga grønt lys for å omgjera musikkstudio til eit kombinert musikk- og intervjustudio. Kommunen ga – etter fem månaders tenketid – litt støtte til utstyr, og sidan januar 2016 har studio vore operativt.

I oktober fekk me presentera ideen om å «ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv», som det heiter i Memoar sin formåsparagraf, på Litterær Lunsj på biblioteket. Alt då danna det seg ein kø av folk som hadde lyst å fortelja. Og då både BT og NRK laga kvar sin reportasje om fenomenet (oktober 2016) vart køen så lang at me seinare ikkje har våga å marknadsføra prosjektet.

Les meir - om 

Undersider (3): Bakgrunn Budsjett Organisering
Comments