Bergen Memoar‎ > ‎

Nye idear søker folk!


Pilgrimsvandringar

lagt inn 17. sep. 2019, 00:39 av Bjørn Enes

19-02-01-(1. februar 2019): Frå Oddvar Skre, Fana Historielag: 

Mitt bidrag til denne «idebanken» kan vera å samla lokalhistorie frå Fana bydel  ved hjelp av skriftlege og munnlege kjelder til dette senteret for munnleg tradisjon. Omvendt kan kjeldemateriale frå dette senteret brukast i arbeidet med lokalhistorie her i Fana – og i andre deler av Bergen og Vestlandet. Eg har alt samla ein god del av slikt stoff – både munnleg og skriftleg. 

Sidan du nemner vandringar, så kan eg og nemna at eg er med i noko som heiter pilgrimsutvalet i Bjørgvin bispedøme, fordi eg soknar til ei kyrkje som folk valfarta til i middelalderen (Fana), og er dermed også tilslutta eit pilgrimsnettverk som omfattar fleire kyrkjer langs kysten av Vestlandet (Kystpilgrimsleia). Dette kunne eg snakka litt om på Memoar, og kanskje dra inn andre personar som har noko å bidra med i nettverket.

Eg reknar med at desse «vandringane» ikkje skal oppfattast bokstaveleg, men virtuelt, ved at denne tenkjegruppa utvekslar erfaringar på nettet. Det ser ut til at meininga er at

deltakarane skal kasta fram tilfeldige tankar som så skal systematiserast og klassifiserast  under ulike tema. Er dette rett oppfatta? Dersom denne kommunikasjonen kan gjerast

heimanfrå over nettet, så kan eg vera med i ei slik «tenkjegruppe».

Kontaktperson:  Oddvar Skre  oddvar@nmvskre.no   909 64 834


 

1-1 of 1