Bergen Memoar

Har du tenkt å formidla noko av livshistoria og livserfaringane dine - i bokform eller på annan måte?
Då er du komen til rette stad - Våren 2018 starta Memoar ein serie "forteljarkurs for vaksne" i Bergen.
Det har som siktemål å hjelpa folk i gang med å fortelja - skriftleg, munnleg eller digitalt. Eller kombinasjonar.
Ei ny gruppe startar opp i september - Les meir på Mitt.Memoar.no

http://mitt.memoar.no

Om Memoar i Bergen:
Memoar starta innsamling og formidling av munnleg historie  Bergen i 2015. 

Saman med Bergen offentlige Bibliotek driftar me eit INTERVJUSTUDIO som alle innbyggarar i Bergen kan nytte gratis. 

Me arrangerer kurs for forteljarar og intervjuarar, me samarbeider med musé, sogelag og andre om innsamlingar av munnleg kjeldemateriale, og me formidlar munnleg histoire gjennom digitale media og publikumsarrangement.

I februar 2017 fekk Memoar Bergen Kommune sin kulturvernpris for 2016 for arbeidet vårt. 

Frå 2018 er det eit mål å bygga opp ein lønna prosjektleiarstilling

Les søknaden til Norsk Kulturfond:
https://docs.google.com/a/memoar.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=bWVtb2FyLm5vfGJlcmdlbnxneDoyMmViZGFmZGZkMDcyOTVj
 
Barndoms- og ungdomsminne frå krigsår og etterkrigstid  - 
Forteljarpanel 
i Bergen off. Bibliotek 30. oktober 2018
Memoar og Lokalhistorisk avdeling på Bergen off. Bibliotek (BoB)  arrangerer  forteljarkveld i auditoriet tirsdag 30/10 kl 18- 20.  Paneldeltakarane blir forteljarar som sjølve opplevde eksplosjonen den 20. april 1944, som barn eller unge. Samtaleleiar: Bjørn Enes frå Memoar.  

Sidan desember 2016 har Memoar hatt eit tilbod om å hjelpa til med intervjuopptak i Sudio 1 i Bergen Bibliotek kvar onsdag.

Dersom du ynskjer å b li med i arbeidet for å ta vare på og dela forteljingar om livs-, yrkes-, lokal- eller slektshitoria, er du velkomen til å bestille time.

Du kan koma for å fortelja til ein av Memoar sine frivillige intervjuarar - eller du kan kome for å få litt hjelp til å gjea gjera eigne intervju.

Forteljaren bestemmer kva som skal skje med opptaket.  

Memoar oppmodar forteljarane til 1)å avlevere forteljingar der forteljaren er primærkjelde til offentleg arkiv, og 2) til å dele forteljingane med samtida gjennom www.memoar.no. 

Memoar kan hjelpa med begge deler. Finn ledig tid på kalenderen - og send ein epost til post@Memoar.no 

Sjå alle publiserte Bergens-intervju under Forteljarane

Siste publiserte:

  • Grethe Sangolt Då Grethe Sangolt var 21 år, gjekk ho og venninnna Gunvor Håkonsen saman om å kjøpa ein scooter. Sommaren 1957 køyrde dei med den til Italia og Frankrike for å ...
    Lagt inn 8. jun. 2018, 07:13 av Bjørn Enes
  • Bjørn Helmich Pedersen Bjørn Helmich Pedersen ble født i 1924  og vokste opp på Nordnes i Bergen. Han var med i bydelens buekorps, men husker også lek og moro i gatesmugene i trehusbebyggelsen ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:49 av Bjørn Enes
  • Per Atle Holsen Per Atle Holsen vokste opp i Gimleveien med Christieparken som nærområde. Som barn under okkupasjonen er det særlig to hendelser som har gjort sterkt inntrykk; eksplosjonen på Vågen 20.april ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:50 av Bjørn Enes
  • Gunda Kārkliņa Memoar: Gunda vaks opp i Tirza, aust i Latvia. Barne- og ungdomsåra hennar var prega av livet i Sovjetunionen. Ho likte seg i barneorganisasjonen Unge Pionerar, dei lærte å marsjera ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:51 av Bjørn Enes
  • Kim Nga Dao Bratland Kim Nga Dao Bratland er barne- og ungdomsarbeidar på Møhlenpris skule i Bergen. I dette intervjuet fortel ho om oppveksten under krigane i Vietnam. Etter at Nord-Vietnam vann i ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:52 av Bjørn Enes
  • Julia Andersland Den 2. februar 2017 kom byråd Julia Andersland til Memoar og fortalde at organisasjonen hadde blitt tildelt Bergen Kommune sin kulturvernpris. I denne videoen presenterer ho gladmeldinga for Bjørn Enes ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:53 av Bjørn Enes
  • Julia Andersland Den 2. februar 2017 kom byråd Julia Andersland til Memoar og fortalde at organisasjonen hadde blitt tildelt Bergen Kommune sin kulturvernpris. I denne videoen presenterer ho gladmeldinga for Bjørn Enes ...
    Lagt inn 17. apr. 2018, 23:32 av Bjørn Enes
  • Åshild Lerøy Memoar: Åshild Lerøy fortel i dette intgervjuet om barndom på Lerøy, flytting til Bergen og ungdomstid på Haukeland, om hushjelp Kaja, skulegang på Nygård skule, om skøyta Blia som hadde ...
    Lagt inn 18. apr. 2018, 05:55 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 8 av 8. Vis mer »

Comments