Dugnad

Minneinnsamling er i høg grad eit dugnadsarbeid.  Alle kan hjelpa til - det trengst fyrst og fremst interesse. Forkunnskapar er fint - men ikkje naudsynt- Nedanfor kjem ei liste over arbeid det trengst hjelp til - og kva som krevst av utstyr og kunnskap_ 

"Logging"
For at munnleg historie skal ha bevaringsverdi, må det dokumenterast kva ein lyd- eller videoopptak inneheld. Det betyr rett og slett å laga ei stikkordsliste over innhaldet, og notera kor mange minutt og sekund frå start det er. 
Papir og blyant er utmerka reidskapar til dette arbeidet, eller eit regneark. Du treng også ein PC der du kan spela av opptak som skal dokumenterast. 

Sjå meir detaljar på neste side - om logging


Tekstsamandrag:
Ofte vil det ver interessant for den som loggar og også skriva eit tekstsamandrag av opptaket. Formålet med eit tekstsamandrag er å gi eit kortare og meir lettlest oversyn over innhaldet i opptaket. Viss du ser på dei intervjua som er ferdige, ser du døme både på tekstsamandrag og stikkordslister.
Også dette kan skrivast med papir og blyant. Men det lettar det vidare arbeidet dersom det kan skrivast inn på PC.




Videoredigering:
Redigering av munnleg historie er svært enkelt, samanlikna med meir tradisjonell TV- eller filmredigering. Stort sett handlar det berre om å bestemma eit startpunkt og eit sluttpunkt (altså ta bort tomsnakk før og etter sjølve intervjuet) og å legga på tekstplakatar med namn på forteljar og intervjuar og dato for opptaket. 
Den som redigerar bør i tillegg høyra gjennom og gjera ei etisk vurdering av om det er noko som ikkje kan publiserast i intervjuet: Vert tredjepersonar omtala på ein slik måte at det utløyser tilsvarsrett? Vert det sagt ting om born eller personars helsesituasjon eller andre sensitive ting som bør strykast? Memoar har som rettesnor for sin etikk Vær Varsom-plakaten til Norsk Presseforbund.  
Memoar brukar redigeringsprogrammet WeVideo . Det er enkelt - men det krevst litt forkunnskapar innan videoredigering. Har du dette, og vil du hjelpa til med redigering - ta kontakt!


Intervjuavtalar: 
 Ei stor og svært viktig oppgåve i arbeidet for å skapa breie minnesamlingar, er det å fionna fram til kven som bør intervjuast, og å gjera avtaar med dei.  I oppstarten av arbeidet i Hammerfest handlar jo dette særleg om  å finna fram til og gjera avtalar med folk som erk primærkjelder - altså som sjølve opplevde krigsåra, brenninga, evakueringa og gjenreisingsperioden i Hammerfest og elles i Vest-Finnmark. 
Kjenner du personar som bør intervjuast? Spør om dei kan tenkja seg kå fortelja - og ta kontakt med Julia dersom dei seier ja! 



Intervjuar:
Alle nyssgjerrige menneske kan gjera intervju! Og ofte vert dei beste intervjua dei som er gjort av likemenn - folk som har omlag same erfaringsbakgrunn som forteljaren.
Ofte kan det også fungera svært fint med fleire enn ein intervjuar. 
Munnleg historie er ein fin veg inn i intervjukunsten for folk som tenkjer å perfeksjonera seg innan journalistikk, historie, folkloristikk eller filmkunst. 
Memoar lagar kurs for intervjuarar.  har du lyst til å aktivisera deg på dette feltet - Ta kontakt med Julia eller Bjørn



Teknisk hjelp:
Memoar tilrår enkelt utstyr: Enkle kamera, ein enkel lysrigg, arbeidsarkiv i nettskya - enkel redigering, publisering gjennom Minner.no og/eller eigne nettsider via Vimeo. men sjølv om det er relativt enkelt, er det bruk for dugnadshjelp frå folk med erfaring. Ein tanke er å rigga til eit permanent intervjustudio i Gjenreisingsmuseet. Då skal det syast saman kamera, lyd og lys - gjerne ei løysing med Open Broadcast Software som kan sikra lagring direkte i Dropbox. Derifrå redigering i WeVideo - publisering i Vimeo og Minner.no - og nettsideproduksjon i Google Sites og Blogger.com. 
Kan du hjelpa til med råd og problemløysing på dette feltet - Ta kontakt med Julia eller Bjørn










Undersider (1): Logging
Comments