2018‎ > ‎

Ørunul Aase - Del 2

lagt inn 30. okt. 2018, 06:57 av Bjørn Enes   [ oppdatert 30. okt. 2018, 07:16 ]
Gunnar Ørnulf Aase har tidlegare delt eit intervju frå november 2017. I dette opptaket som er gjort omlag ein månad seinare, held han fram med å  fortelja om livlige barndoms- og ungdomsår på Landås. Han fortel om russerfangeleiren på litle-Ulriken. Då alle forsto at det gjekk mot slutten, vart tyskarane meir slepphendte med russarane, og let dei sleppe ut av leiren slik at dei kunne gå rundt og handla eller tigga mat. Ein av dei vart ein slags husven. Dei avtalte at dei skulle skriva til kvarandre når han kom heim. Men dei fekk aldri noko livsteikn frå han. Elles fortel Ørnulf mange historier som kallar på smil og lått. Både om kolreis dei plaga tyskarane og korleis dei må ha skaffa grå hår i hovudet på foreldra og.  Sjå stikkordsloggen for å finne fram i alle. 
"Eg kprøvar å halda eit godt humør", seier han. Særleg etter at han mista kona har det blitt viktig. Det ser for intervjuaren ut til at han har knekt koden på korleis det skal gjerast!

Opptak 2 vart gjort i studio på Bergen off. bibliotek den 13. desember 2017. Intervjuar vr Bjørn Enes. Det er også han som har gjort dokumentasjonsarbeidet.  

Ørnul Åse - Del 2

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/297922083#t=1h6m55s


00:00:00 Russerleiren: På slutten av krigen fekk me koma inn i leiren.
01:28:00 Då eg var omlag 12 år – me sat i fjellsida og såg russarane bera kålrabi

Me såg ein tysker knuse hovudet på ein russer som stal kålrabi
02:50:00 Det sit i hovudet – mange år etter krigen høyrde me eit smell -
03:51:00 Eg trur tyskerane slapp ut fangane – dei fekk gå i husa og tigga.

Eg hugsar ein som heitte Lonja – han fekk låne mor si symaskin.
05:30:00 Ingen høyrde noko frå russarane etter krigen. Dei blei nok skotne.
06:23:00 Eg og bror min blei invitert bort til å eta hos russarane – dei var gjestfrie
07:10:00 Lonja var frå Svartehavsområdet. Han lova å skrive.
08:20:00 Dei gledde seg til å reisa heim. Dei drog med båt.
08:50:00 Det var kalde vintrar under krigen – klede og sko var dårlege – trekloggar med fiskeskinn
09:47:00 Syster mi var glad i å reisa – eg blei sendt med til Matre
10:40:00 Ho skulle læra meg å symja. Eg forsvant – dei trudde eg hadde drukna

Eg hadde klart å koma meg til støls – eg fekk ein geitost av dei
12:20:00 Det var i Matrefjellene Bjørn West heldt til. Eg har en slippradio etter dei.
13:50:00 Eg forsvann ei anna gong og – i Stryn. Båten opp måtte ha minelos
14:52:00 Ein dag vart eg borte. Om ettermiddagen kom eg krittkvit heim att – mjølbinge
15:26:00 Eg låg på Uiriken og fiska og overnatta då eg var 10 år
16:20:00 Dampbåtane: Dei fyrte med trekol. Me måtte ha vaksne i fylgje
17:50:00 Der var tre klassar til langt opp i 50-åra
19:08:00 Mat ombord – berre viss du hadde rasjoneringskort
19:20:00 Eksplosjonen – huset på Nordnes gikk med
22:50:00 Generatorgass på bilane
23:40:00 Et år etter krigen flytta me til Gimleveien – den var bygd på 30-talet

Der var veldig mange born
25:10:00 Ved Christiegården fekk med jobba med å saga ved. Me var 12-13 år
26:45:00 Eg sagde omtrent fingeren av – sprang mot Haukeland – dei klarte å sy fingeren på
27:40:00 Den andre fingeren er verre – den sprengte eg av. Eg var stamgjest på legevakta
28:35:00 Legen sat og sydde med ein sigarett i munnen
29:10:00 Ein gong drog sjåføren på plass eit komplisert brot
30:12:00 Ein onkel lærte meg å spela handorgel (torader). Eg spelte på trikkerundingen

Eg samla tobakksstumpar og selde til arbeidsfolka
33:07:00 Me hadde tobakksåker på Landås. Ein dag kom geita seg opp i tobakksåkeren
33:40:00 Far brukte symaskinsolje som uiniversalmiddel
34:20:00 Geita heitte Katrine. Ein dag fekk ho eit kje.
35:10:00 Me hadde 35 høns – og la egga i vatn i leirkrukker
35:35:00 Eg køyrde hest og slo med maskin på Berge. Det var ikkje enkelt
36:15:00 Me hesja – og drog slipesteinen. Me fekk litt melk utanom rasjon
37:15:00 Mor drygde smøret med å blanda det i potetstappe
37:55:00 Grisen var utruleg reinsleg – min bror orka ikkje ete...
38:55:00 Me vaks på den oppveksten me hadde !
39:03:00 Eg var spesialist på å laga krut av ugrasdrepar, trekol og svovel frå gjerdestolpar

Me fylte på tomhylser. Eg hadde ikkje kniopetang – og banka for å lukka
41:15:00 Eg laga røykbomber og lunkter av avispapir og ugrasdrepar.

Mor skulle fyra opp i omnen med avisene....
42:55:00 Far til Jostein var innelåst på kjøkenet – etter det trudde han at eg var ein grei gut
44:30:00 Mor tålte ikkje blod – syster mi måtte springa på apoteket
45:50:00 Me hadde aldri fotball på Gimle. Berre når Brann sparka ein ball over gjerdet

Me laga fotballklubb, organiserte lag og turneringer. Det blei Snøgg
47:03:00 Me laga merker. Me måtte levera inn sølv for å få merke – me stal teskjei heime
47:55:00 Rolf Birger Pedersen - «Pesen» - var for liten til å koma på laget vårt
48:29:00 Han og Kniksen var noken travarar te spela
48:40:00 Like etter krigen fekk mor og eg me visum til Sverige – det skulle vera landskamp
49:40:00 Eg klarte å snika meg inn på landskampen – det blei leiteaksjon igjen
50:38:00 Fetter Gøran i Sverige – han var ikkje vand med å vera med ungar
51:58:00 Ei dame var død og låg på likstrå – eg krøyp med Gøran inn vinduet for å sjå
52:48:00 Eg lærte veloppdragne Gøran gloser han kunne seia gjennom kaminen
54:37:00 Eg prøvar å halda eit godt humør. Eg har kome meg opp att etter at kona døydde
55:52:00 Eg lagde buekorps i Gimleveien. Sagde ut gevær og fane. Eg utnevnte meg sjølv til sjef
57:20:00 Vi stal materialer og bygde ei guttehytte. Me teiknaStomperud naken.

Jentene fekk lov å koma inn å sjå på tissen hans
58:40:00 Ein gong fann me ut at me ville selja juletre. Me kjøpte av hallingdølane.

Eg sette greiner inn i dårlege tre.
Ein time
00:28:00 «Me sagar av alle greinene – så borar du berre hol og set dei kor du vil ha dei!»
02:00:00 Sykkeltur til Sørlandet – me var vekk i tre veker utan livsteikn
03:50:00 I Mandal var ein kiosk. Me stal tomflaskene hans og kjøpte mat for panten
04:39:00 Mange festa telt i treet i staden for teltstang. Me heiste eit telt opp medan dei sov
05:30:00 Så reiste me heim med båten som blindpassasjerar i livbåten

Eg budde hos tjommien - 100 m heimefrå – før eg fortalde at eg var komen heim
06:55:00 I Natlandsveien sto ein røyklmaskin – eg opna og røykla heile Landås
07:48:00 Eg hadde alltid karbid i lommene – heiv i vatnet og ei fyrstikk så smalt det
08:27:00 Me strekte ein streng over Jomrustien – der kom tysk offiser «Småfaen»
09:38:00 Tokagjelet – fotbremsen tolte ikkje bratta, så eg slepte ei grein
10:51:00 Markene ved Brann Stadion, elva og – der sette me ut fisk som er der enno
13:30:00 «Ut å gå på brannvakt» - eg måtte spelle handorgel

ungdomane
15:50:00 Eg sat på Damsgårdsfjellet og såg på eit bombeangrep
16:40:00 Når flyalarmen gjekk, tok far meg med ut for å sjå på. Fosforbomber og sporlys
17:42:00 Me fant ut at me kunne laga smell i nøkkelholet
18:20:00 På Landås hadde dei revar. Me fanga måkar og selde til bonden som revemat
19:30:00 Me stal gjeddelinene til tyskarane i Tveitevatnet
20:18:00 Me hadde hoppbakke i dalen ovanfor Tveitevatnet – ein far var domar
21:40:00 Me ville til sjøs. Mor blei fortvilt – ho var nyleg blitt enke. Men to andre drog.

Jallaen kom heim etter tre veker. Me spelte en gang ani
23:38:00 Den einaste bilen den gongen var brødbilen ein gong om dagen.
24:42:00 Det gjekk mykje difteri. Syster mi låg på Haukeland det var ikkje lov å koma inn.
25:41:00 Under krigen måtte alle ta vaksinen «40 stikk»
26:17:00 Tannlegen var me livredde for – men det var ikkje mykje tannhelseproblem
27:15:00 Eksplosjonen var i april 44.
27:55:00 Vi oppbevarte et piano for Nykirken under heile krigen
Comments