2018‎ > ‎

Eli Karin Eustice

lagt inn 29. okt. 2018, 14:44 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. okt. 2018, 23:43 ]
Eli Karin Eustice mista far sin alt då ho var fem månader gamal. Han var ein av dei fyrste krigsseglarane som omkom under torpedering, den 1. desember 1939 då DS Arcturus tilhøyrande Bergenske Damskipsselskap,  vart senka av ein tysk ubåt utanfor Peterhead. Familien budde i Sandvikseien. Mor måtte nå aleine livberge seg sjølv og to døtre. I 1942 måtte dei flytte til eit rom med ei sovealkove og eit lite kjøkken i Nykirkegården på Nordnes.  Det var det nederste huset - det sto på pålar i sjøen. 
Om morgonen den 20. februar 1944 låg der ein båt på den andre sida av Vågen. Dei hadde problem ombord, dei kunne sjå røyk. Mor trekte vesle Eli fram føre vindauget så ho kunne fylgja med på kva som hende medan ho kledde på dottera. Då kom eksplosjonen på Vågen
I denne fyrste delen av intervjuet fortel Eli om kva som hende denne fryktelege dagen og året som fylgde, då¨ho og systera vart evakuerte til Førde og Sandane. Ho fortel fram til den dagen ho fekk koma heim att til mor. 
Resten av intervjuet (Del 2) kjem så snart Memoar har fått kapasitet til å klargjera det for publisering. Frivillige som kan tenkja seg å hjelpa til mned det kan ta kontakt med post@memoar.no   


Eli Karin Eustice - Del 1

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/297809198#t=1m15s

00:00:00 Namnet er irsk etter mannen
01:15:00 Den 20/4 1944 budde me i tredje etasje, rett over Vågen for Vorboede.

Mor kledde på meg – me sto framfor vindauget, mor hadde sett røyk der borte
02:48:00 Då small det. Det neste eg hugsar er at mor ropte langt borte. Or grov meg fram.,

Trappene var borte – moe såg at me kunne koma ut på taket.
04:12:00 Me gjekk bortover på taket – men så høyrde mot to andre damer ropa om hjelp
05:00:00 På det tredje huset var der ein brannstige – men det var stengt nede.

Folk hjalp oss ut. Det var mykje blod og masse folk. Me ble lagt opp på ein lastebil
06:00:00 Lastebilen køyrde til Fridalen Skole. Der måtte me legga oss på golvet.
06:50:00 Mor var hardt skadd – det var snakk om at ho måtte amputera armen
07:30:00 Me born vart sende til Førde. System i budde i prestegarden. Eg hos ein nabo.
08:05:00 Dei hadde fleire born. Eg bydde fyrst hos dei – så blei eg send til Sandane
09:02:00 Eg veit ikkje kvifor eg måtte reise til Sandane og budde der resten av tida
09:35:00 Far var på DS Arcturus som vart torpedert 1. des. 1939. Ein mann hos BDS leigde oss ein leilighet
11:00:00 I 1942 fekki me leige to rom på Nordnes
11:39:00 Eg hugsar ikkje smellet. Berre at eg sto ved vinduet – og så at eg låg varmt og godt
12:15:00 Mor var hardt skadd – men klarte å grava meg fram. My syster hadde ingen ytre skader

Eg vart kutta opp i ansiktet, men var uskadd i augene. Mor heldt handa framfor dei
13:40:00 Mor var sterk - hjelpte andre. Ho mista fyrst mannen og bornas far – så mista hjo alt hjo eigde
15:38:00
16:10:00 Alt så så klart i minmnet , det som hende dei dagane


18:03:00 Lastebilen – eg hugsar masse blod, masse folk – og nokre som låg på gata
19:10:00 Eg var lenge borte frå mor. Men dei behandla oss veldig fint både i Førde og Sandane
20:45:00 Hugsar ikkje reisa til Førde – men til Sandane var me ein båt full av ungar med namnelapp
23:15:00 Eg hugsar godt då eg skulle få koma heim. Eg hytlte – for der såg eg mamma ....
24:18:00 Slutt på del 1


Comments