2016


Eldrid Munck

lagt inn 18. apr. 2018, 03:50 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. apr. 2018, 03:51 ]

Eldrid Berg Johnsen heitte ho som barn. "Eg vaks opp på sardiner", fortel ho i dette intervjuet frå 26/10 2016. Ho var einaste barn av hermetikkfabrikant Olav Johnsen, og heilt frå tidleg barndom vandra ho inn og ut av verksemdene som faren hadde ansvar for. Særleg levande fortel ho om sardinfabrikken på Os (Bergen Packin Co) som låg i nærleiken av der besteforeldra budde. Forteljinga hennar startar med morgonen 9. april 1940, då ho og mor evakuerte Sydneshaugen tidleg om morgonen. "Far hadde instruert oss - han var redd noko skulle skje. Men me gløymde farmor.... " Barndomen under krigen er ein stor del av historia. Ho fortel og om ungdomsåra etterpå, med sekretærjobb i New York og opphald i Frankrike. (Faren meinte at "småpiker må læra språk" - ikkje matematikk og hermetikk). Ho gifta seg med gymnaskjærasten Oskar A. Munck i 1950 og skilde seinare lag med han att. Ho tok opp att studia i vaksen alder og vart lektor på Langhaugen Skole. I 1971 tok ho hovudfag i historie med ei avhandling om handelshuset Hildebrandt Harmens - som også er ein del av familiehistoria.

Opptaket vart gjort i Studio 1, Bergen Bibliotek, den 26. oktober 2016. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har og laga fyrste versjon av dokumentasjonen.  


Eldrid Munck:


Stikkord i forteljinga:

00:00:00 Niande april 1940 – gløymde farmor
01:20:00 Flyalarmen klokka fem
01:50:00 Stilt på Nygårdshøyden
02:40:00 Avholdskafeen på kvamskogen
03:10:00 Tyskarane kom til Kvamskogen
03:40:00 I skotlina
04:30:00 Farmor hadde det utmerka
05:20:00 Fleire flyktningar til Kvamskogen
06:25:00 Omgangsskule om hausten
07:20:00 Gymnaset på Sydneshaugen
08:29:00 Ein skulle sendast til Tyskland – spilte gal
09:15:00 Enebarn
09:50:00 Stemma til Øksnevad....
10:20:00 Far hadde ansvar for forsyningane til motstandsrørsla
11:45:00 hermetikkfabrikkan
12:30:00 White Sea and Baltic Company
13:10:00 Sardiner
13:40:00 Etter krigen – sekretærjobb i USA
14:50:00 Reiste over med Stavangerfjrod
15:30:00 då blengdingane kunne fjernast
16:05:00 Bombeangrep
16:45:00 Fyrste engelske båtane i 1945
17:15:00 Venninne si mor var nazist
14:40:00 «..å vera ni år og miste alle venninnene....»
18:15:00 Faren var uteseglar – og helt
19:30:00 Broren vart frontkjempar
20:04:00 Forrædar og helt – framandlegionen
22:14:00 Sjuande mai 1945
23:20:00 jenter som fekk tyske kjærastar
25:14:00 Eg mista ingen
24:40:00 Det var far som fekk idéen om Amerika
26:50:00 «En småpike må kunne språk»
27:45:00 Bokmeldingar på Amazon
28:20:00 New York 1949
30:30:00 Selgjarane
30:40:00 Fond for å hjelpa nordmenn med nye verksemder
32:20:00 Minneapolis – lutefish
33:10:00 marshallhjelpa
33:20:00 Uaktuelt for jenter å ta over fabrikken
36:10:00 Far fekk mange vener i USA
36:40:00 Høyrde Louis Armstrong i San Fransicsco
38:20:00 Amerikadraumen – me var flyktningar og innvandrarar
39:30:00 Reiseselskapet Fotefar i Sogn
40:42:00 Litt rart å koma heim
42:10:00 eitt år i Frankrike 1947
42:50:00 Angers, Loiredalen
44:20:00 Eksplosjonen på Vågen
45:40:00 Grov spøk
46:00:00 Rotteplagene
46:40:00 Universitetet i Bergen
48:40:00 Kjærestar i gymnnbastida
50:10:00 Professor Knut Helle
50:45:00 Annan professor

eit godt liv
52:00:00 Arbeid

Dans
54:12:00 Oskar A. Munck
56:00:00 Hovudfag historie – Handelshuset Hildebrandt Harmens
58:30:00 Bergen Packing Co på Osøyro

Strenging

Røyking

Liggejenter

Etikettar

Stansemaskinen på loftet

Postveien kvar onsdag

Vekeblad
03:50:00 Alle var like under krigen
12:20:00 Før var alle sekretærar -

Klasseforskjellar vart skjulte
08:50:00 Lektor – Balanse mellom læring og hygge
11:10:00 Langhaugen skule
11:49:00 «--- ka? Tgrur du meg ikkje?...


Einar Kristian Gjessing

lagt inn 18. apr. 2018, 03:45 av Bjørn Enes

Einar Kristian Gjessing vart så å seie fødd inn i Bergen Brannvesen. Far hans, Sverre Gjessing, var branningeniør og budde i tenestebustad på Rådstuplass 2 då Einar vart fødd. I 1940 vart faren brannsjef, og i den stillinga vart han verande til pensjonsalder i 1966. Då hadde Einar gått i dei same spora, utdanna seg til bygningsingeniør og tatt over farens gamle arbeid som branningeniør. I 1969 vart han konstituert i stillinga som brannsjef, så var han varabrannsjef  samanhengande til han overtok brannsjefstillinga att dei tre siste åra før han pensjonerte seg i 1993.

I dette intervjuet fortel han glimt frå barndomen på hovedbrannstasjonen, ungdomsåra i Det Sivile Luftvern, eksplosjonen på Vågen, og glimt frå brannhistoria med både lukkelege og tragiske utgangar. Han fortel om organisatorisk og teknologisk utvikling i brannvesenet, utviklinga av førebyggande arbeid - og ikkje minst det mangeårige arbeidet for å få til eit brannhistorisk museum i Bergen.

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen offentlige bibliotek den 23. januar 2017. Intervjuarar var Lars Voss Sørhus og Christina Frønsdal frå Bymuseet. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes frå Memoar  

Du finn detaljar om innhaldet i intervjuet i stikkordslista nederst. 


Einar Kristian Gjessing:



Stikkord og tidskodar for innhaldet:

00:22:00 Rådstuplass 2 – brannmesterbustad var fødestue fram til 1926
01:27:00 Brann hos brannsjefen under duesleppet
03:36:00 Tranbod – Martens – Sandviken
04:12:00 Kontor brannstasjonen
04:28:00 Nye portar i 1934
05:04:00 Brannsasjon – bygningshistorie
05:14:00 Arkitekten var Andreas Blix
05:54:00 Potetkjellaren, Danmarks plass
06:46:00 Tenkjte ikkje å bli brannmann
07:22:00 Bygningsingeniør i
07:56:00 Sivilt luftvern under krigen
09:14:00 Stabil mannskapsstyrke
09:14:00 20. april 1944 – eksplosjonen på Vågen
09:27:00 Uvanleg at brannsjefen ikkje var NS-medlem
09:44:00 Far på veg til Sverige
10:18:00 Snudde på Voss
10:33:00 Generalane Wagner og Herman Tittel
11:38:00 Eksplosjonsdagen – frivillig
12:06:00 Fem brannstader
12:36:00 Etterslukking – Nordnes
13:19:00 Sjølve eksplosjonen
14:01:00 «Vekk frå vinduet!»
14:25:00 Ein mutter frå «Voorbode» på 7,5 kg
15:10:00 Den 4. oktober 1944 – bombinga av ubåtbunkeren
15:55:00 Den 29. oktober 1944 – bombinga av Nøstet
16:19:00 «Sidan har eg tatt kvar dag som ei gåve..»
16:43:00 Bygningsingeniør i
17:24:00 London etter krigen – Woolwich Arsenal
18:08:00 Gjenreising
18:45:00 Branningeniør
19:54:00 Opplæring – Norges Brannskole
21:32:00 Tenestebustad på Årstad Brannstasjon
21:57:00 Buplikt – slutt i 1986
23:01:00 Utrykkingar
23:36:00 Møteplikt
24:22:00 Lukkeleg utgang – baby i loftsbrann på Nordnes
25:45:00 Humor
26:14:00 Skadar
28:17:00

Tragisk brann i Løvstakklien
29:18:00 Tragisk brann – kjellar i Sandviken
29:55:00 Bergen: Langt under landsgjennomsnittet for dødsbrannar
30:38:00 Teknologi?
30:46:00 Betre samband – snorkelbilar
31:18:00 Tragisk brann i Konsul Børs gate
32:04:00 Sikringskrav til 1890-års hus
32:25:00

Snorkelbil
33:05:00 Drone
33:33:00
Førebyggande arbeid – skulane
34:18:00 1991 – alle 5.klassar brannvernundervisning
34:54:00 Studentar
35:26:00 Noko er spesielt med Bergen
35:58:00 I ryggmargen pga historia
36:37:00 Barndomsminnene frå hovudbrannstqasjonen
36:50:00 Stor aktivitet – mange verkstadar
38:01:00 Bilande – Dähmnich 1923
38:16:00 Sabotasjebrann – Tonningsneset
39:06:00 Årstad Brannstasjon
38:55:00 Far begynte i brannvesenet i 1928
41:46:00 Kva slag særtekk treng ein brannmann?
42:00:00 Fagkunnskap - «ikkje skvetten» - god helse
43:12:00 Opplæring – Norges Brannskole
43:28:00 Nyskriving av læremateriell
44:07:00 Standardar for brannbilar
44:30:00 Faglitteratur
45:12:00 Vedlikehald av stasjonane
45:50:00 Kommunesamanslåinga i 1972
46:02:00 Korleis har livet som brannmann forma deg?
46:20:00 Eg har fått tru på meg sjølv
47:06:00 «Andre folk til nytte vera....»
49:13:00 Bergen brannhistoriske stiftelse og historielaget
49:42:00 Bergens borgerlige brandkorps
50:06:00 Det gamle utstyret – stadige flyttingar – etter Ludebanen i Sandviken
51:48:00 Den brannhistoriske stiftelsen
52:26:00 Brannkorpsets historielag
54:01:00
Gleda over sin gamle arbeidsplass
55:34:00 Brannmuseum – opprinnelege planar
56:30:00 «Men har de høyrt om husokkupasjon?»
57:35:00 Bok om den raude bygningen
57:59:00

Brannmuseum – visjonar om dei nye planane
01:00:24:00 Om kvinner i brannvesenet
01:02:00:00 Meir om bokprosjektet om bygningane


Lars Ole Hafsmo

lagt inn 18. apr. 2018, 03:40 av Bjørn Enes

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/forteljarar/larsolehavsmo/Hafsmo-LarsOle.jpg?attredirects=0
Lars Ole Hafsmo har levd med musikk sidan han låg i mors liv, seier han. Men musikar vart han aldri. Han karakteriserar kvaliteten på eige gitarspel og visekunst som middels. Men likevel har musikken både gitt han levebrød og livsinnhald. 

Denne refleksjonen om musikk var det fyrste opptaket som vart gjort i Bergen Bibliotek sitt nye intervjustudio for minneopptak om levd liv - og det er såleis eit rett historisk opptak. 

Det innleier serien "Bergensminner". 

Intervjuar er Bjørn Enes. 

Under intervjuet fins peikarar til noko av den musikken som Hafsmo har publiseret - så kan kvar gjere opp si eiga meining om korleis kvalitetane hans som musikar er...



(Opptak før studiolyset var på plass:)

Lars Ole Hafsmo


(Dette opptaket vart gjort etter at studiolyset var montert)

Lars Ole Hafsmo:


Lars Ole Hafsmo framfører visa om Lisbeth Johansdotter Moen. 

Teksten er av Leidulf Hafsmo, musikken av Lars Ole Hafsmo. 

Opptaket er gjort som lyd- og lyssjekk av Bergen Bibliotek sitt Stduio 1, etter at Memoar har innreia det som intervjustudio i januar 2016.










Tom Larsen

lagt inn 18. apr. 2018, 03:38 av Bjørn Enes


Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet
Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Opptaket er ein del av Memoarprosjektet Motkultur




Striladans:





Kaj Skagen

lagt inn 18. apr. 2018, 03:24 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. apr. 2018, 03:27 ]

Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70- og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. 

Direkte adresse til denne sida er http://Kaj.Skagen.memoar.no/ 
 

Kaj Skagen



Kaj Skagen si heimeside heiter http://www.kajskagen.no/

Mellomtitlar: 


  • Omgrepet motkultur
  • 1960-talet - samfunnsutviklinga var "ferdig"
  • Oppvekst i indremisjonsmiljø
  • 1968-arane
  • Anarkistfløyen
  • Forsøksgymnaset
  • "Ein av oss"
  • Kampen om NGS (Norsk Gymnasiast-Samband)
  • Hjelmsgate 3 - anarkistkollektivet
  • Avisproduksjon
  • "Gateavisa"
  • "Poesie revolte"
  • "Vibra"
  • "Vannbæreren"





  • "Tun"
  • "Arken"
  • Katastrofetema
  • Antroposofi
  • Usemje
  • "Deg eller meg" - Jarving eller Skagen.
  • Konfliktfylt?
  • Hovudretningar
  • Steinermiljøet
  • Musikk og kunst?
  • 1980-talet
  • Husokkupantane i Berlin
  • Internasjonalt kontaktnett?





  • "Igrunnen veldig norsk"
  • Aktive lesarar?
  • "Arken" oplag 4000
  • Utvikling i dag?
  • Anarkismen forvitra
  • Atterhalden
  • Preg på forfattarskapet?
  • Djupare
  • Kom ingen nye?
  • Vegen vidare
  • 70-åra: Ingenting nytt
  • Nå er alle motkulturelle
  • Ytringsfridom?

Arild Wærness

lagt inn 18. apr. 2018, 03:20 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. apr. 2018, 13:22 ]


Kafédrivar,  teikneserieskapar,  forlagssjef, festivalgründer - ein kan velgje mange titlar for å presentere Arild Wærness. 

Han har røtene på Stord, har farta over det meste - og bur i Bergen. 

Hausten 2015 sette han seg ned for å mimre over ein liten del av historia si saman med ungdomskameraten Jostein Saakvitne. Saman laga dei "sam-forteljinga" om norsk fandom på 1970- og -80talet. Medan kamera gjekk, bestemte dei seg for å starte eit innsamlings- og publiseringsprosjekt for å publisere gamle fanziner frå subkulturen av science-fiction-tilhengjarar på 60- og 70-talet. 





Forteljingar av Arild Wærness:

Arild Wærness og Jostein Saakvitne


Arild Wærness i samtale med Jo
stein Saakvitne  om norsk fandom i 1970- og -80åra. 
Stikkord for samtalen: 
Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid. 
Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon. 
Kven som var med - kva det vart av dei seinare. 
Kva dei skreiv om 
- og kva dei krangla om. 
Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet Motkultur.Memoar.no Motkultur  



Jostein Saakvitne

lagt inn 18. apr. 2018, 03:18 av Bjørn Enes

Medievitar og forskar. Bur og arbeider i Bergen, men er opprinneleg frå Voss. Var i mange år knytta til Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen, men er no frilansar. 

Han har tidlegare vore med å utvikle  NorgeslexiNorDiki og tidsvitnebasen Norgesdokumentasjon.

Sjå TV2 sitt intervju med Saakvitne om funnet av den tyske propagandafilmen "Kampf um Norwegen"


I oktober 2015 publiserte Jostein Saakvitne samtalen med Arild Værness om fandom-miljøet i Noreg på 1960/70-talet: 





Arild Wærness og Jostein Saakvitne om norsk fandom på 1960- og 70tal:
Ein samtale om subkultur på 1970- og -80talet mellom fandomveteranane Jostein Saakvitne og Arild Wærness. 
Fandom hadde utspring i sterk interessse for science fiction, og mange av dei som vart engasjerte i dette miljøet laga sine eigne fanziner - "70-åras bloggar". Saakvtne / Værness startar no eit arbeid for å dokumentere fandomkulturen gjennom å samle inn fanziner og anna kjeldemateriale, og å gjere fleire opptak av munnlege forteljingar i samarbeid med organisasjonen Memoar.no. Les meir på fandombloggen.blogspot.no


Jostein Saakvitne og Arild Wærness



Kaj Skagen om motkultur på 60- og 70talet:
Kaj Skagen er norsk forfattar, Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Intervjuet handlar i hovudsak om Skagen sine livserfaringar og aktivitetar på 1960-, 70-og 80-talet. Nokre stikkord er Forsøksgymnaset, Norsk Gymnasiastsamband, Gateavisa, Hjelmsgate, tidsskriftet Arken og husokkupasjonane i Berlin på 1980-talet. Mot slutten reflekteren han over desse åra slik han ser dei i dag. Han avrundar slik: "No er alle motkulturelle. Untatt eg".
Les meir på KajSkagen.Memoar.no

Kaj Skagen:






Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet
Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Opptaket er ein del av samlinga Http://Motkultur.Memoar.no

Striladans:












Randi Katharina Brustad

lagt inn 18. apr. 2018, 03:15 av Bjørn Enes

Randi Katharina Brustad, tidlegare Haaland, fødd James-Olsen,  hadde det meste av 
oppveksten på Årstad i Bergen.  Mor hennar døydde då  Randi berre var sju år. Far hennar var lungelege - fyrst ved sanatoriet i Luster og seinare i Bergen. Frå Randi var ni år hadde ho stemor. 

I dette intervjuet fortel ho om episodar frå heile sitt litt liv - som var 93 år langt  då opptaket vart gjort.  Ho fortel om skulegang fyrst på Nygård, seinare på Jessen Skole, Ulrikke Pihls Pikeskole og Bergens Katedralskole og Universitetet i Oslo og Bergen der ho tok juridikum. Ho møtte filosofistudenten Arild Haaland  og gifta seg med han i 1944. Dei fekk tre barn. 

Randi var den fyrste kvinnelege leiaren av Studentersamfunnet i Bergen. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege advokatane i Bergen,. Ho opna sin praksis i ein periode då det var store endringar i juridiske, sosiale, økonomiske og ikkje minst moralske  rammer rundt privatretten, og ho fekk svært mykje å gjere med familie- og skilsmissesaker i sin praksis. 

Desse sakene var slitsame, og ho søkte seg etter kvart til jusistjobb på Arbeidskontoret. Fyrst var ho jurist tilknytta Sjømannskontoret i mange år - deretter var ho leiar for ei ny avdeling for høgt kvalifiserte arbeidsøkjarar. I starten av oljealderen vart dette eit svært interessant arbeid. 

Utanom arbeidet var ho akrtiv på mange felt - mellom anna fortel ho om den tidlige kvinnerørsla på 1960-talet. 

Ho fortel mykje og engasjerande om barndom og  oppsedingskultur. Det tidlegaste minnet som dukka opp i henne i intervjuet var at ho fekk juling av far sin  - og at ho måtte sitje på badet og vente på at han skulle kome heim for å gi henne juling. 

Ho fortel om ein stor og  spennande venekrins i den  tidlege etterkigstida der dei - på godt og vondt - hadde omgang med mange kjende personlegdomar. Og ho fortel om alkohol og alkoholisme både heime og i venekrinsen. Ein av dei mest interessante sekvensane i opptaket er ein serie av forteljingar om familierettsaker ho hugsar særskilt godt fro si tid som praktiserande advokat. 

Intervjuet er to timar og førti minutt langt. Stikkordslista under videovindauget gir eit oversyn over gangen i intgervjuet. Talkodane i lista viser timar, minutt og sekund frå start. Nokre av stikkorda er klikkbare. Du kan sjølv lage peikarar til punkter i forteljinga ved å erstatte nullane med dei aktuelle tidskodene i denne peikaren:  https://vimeo.com/188213570#t=0h0m0s

Opptaket vart gjort 21. juni 2016 i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuarar var Bjørn Enes og  Lise Haaland. 


Randi Katharina Brustad




Stikkord for innhaldet i intervjuet: 
01:14:00
Fyrste minne
02:14:00
Fyrste juling
03:10:00
Mor vart ikkje snakka om
04:17:00
Juling: Måtte venta på badet
05:50:00
Veslebror fekk brannsår
08:00:00
«Nå gråter din mor i himmelen»
10:58:00
Usenleg
12:06:00
Skulegang
12:32:00
Jessen Skole
13:05:00
Pihls pikeskole
14:29:00
Bestefar var domprost
16:59:00
Forteljingar om mor
19:17:00
Gestapoavhøyr
26:33:00
Ein full tyskar
28:29:00
Arild Haaland
30:05:00
Universitetet
32:03:00
Helserådet og tuberkulosen
33:23:00
eksplosjonen på Vågen
34:47:00
Far likte ikkje Arild Haaland
35:35:00
Hytta i Alversund
37:47:00
Tre barn
39:17:00
Studentersamfunnet
39:41:00
Indiahjelpen
40:57:00
Eigen advokatpraksis
41:30:00
Sjømannskontoret
42:30:00
Arbeidskontoret – avd for høgt kvalifiserte arbeidssøkjarar
45:33:00
Arbeidsmarknadsprosjket i Telemark
46:58:00
Problematisk mannskultur
49:47:00
Innvandring
54:49:00
Somalisk mannskultur
57:13:00
Eldre hjelper eldre
58:56:00
Foredrag – Vestlandske Blindeforbund
1 time +

2:20:00
Studentersamfunnet – Aksel Sandemose
03:30:00
Venekrins – Harald Ofstad
05:09:00
Venekrins – Olof Lagercrantz
06:27:00
Stor venekrins
09:49:00
Samfunnsliv og travelt familieliv
10:56:00
Skilsmissesakene
11:22:00
- økonomi bestemte
14:52:00
- fyrste sak i retten
16:30:00
- moralisme
18:01:00
- familievald
19:59:00
- mekling
22:10:00
- barnefordeling
25:33:00
- farskapssaker
28:13:00
Foreldrekonflikter går ut over borna
31:59:00
Kjensler
32:35:00
Kjensler og kulturkonfliktar
34:27:00
For lite verkelege kjensler?
36:07:00
«Meir opptatt av mor enn av mannen»
38:43:00
Fyrste kvinnelege formann i Studentersamfunnet
43:43:00
Tøff debattstil
44:40:00
Dans
45:36:00
U.Pihls Pikeskole
47:20:00
Flørtande lektor
48:50:00
«Frøkenaktige»
50:31:00
Handelshøgskulen vart nabo
51:35:00
Jessen Skole
57:07:00
Forteljarkunst
59:39:00
Sjølvbilete
59:56:00
Bestefar si slekt var sjarmerande
2 timar +:

01:02:00
Hån og juling
03:03:00
Mor hadde ikkje tid
03:50:00
Aldri rosande ord
04:09:00
Mykje krangling i 14-15års alderen
05:30:00
Solstrand
07:19:00
Tenestefolk
08:32:00
Syskjenkrangel
09:39:00
Alkohol
11:04:00
- Ville på restaurant
11:51:00
- Far sine siste dagar
14:11:00
«..gode og onde dagar..»
15:49:00
Familieselskap
19:04:00
Hjelpelaus
20:46:00
Redd
22:14:00
Måtte velgja: Juling, eller ikkje bli med til bestefar
23:03:00
Far var ikkje slem, berre lite følsom
23:42:00
Bestefar såg ikkje – eller blanda seg ikkje
24:12:00
Døden
26:59:00
har alltid sagt: «Eg vert ikkje gamal»
26:51:00
Kvinnerørsla
29:48:00
Vitenamkrigen og rustingsspørsmål
31:14:00
70-åra og Kvinnefronten
31:48:00
«Far? Veit ikkje – men mor er advokat..»
32:50:00
Dadda
35:23:00
Største endringane er kvinnerollene
37:09:00
Opplevde sterkast endring mellom 1986 og 1992
39:00:00
Eit godt liv.
40:10:00
SLUTT

Bjørn Enes

lagt inn 18. apr. 2018, 03:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. apr. 2018, 03:11 ]

Bjørn Enes er ein av grunnleggjarane av Memoar. I dette opptaket frå september 2016 fortel han korleis han oppfattar forhistoria og det fyrste arbeidsåret til organisasjonen. 

Han fortel om tidsvitneprosjektet "Neveragain.no" som han sjølv var leiar for frå den fyrste ideen oppsto i 2005 til prosjektet måtte pakka saman i 2009. Han fortel også litt om "Norgesdokumentasjon", som er ein del av medstiftar Jostein Saakvitne si forhistorie. 

Enes fortel vidare om det fyrste større innsamlingsprosjektet - Industri.Memoar.no - og gir eit oversyn over dei prosjekta som var aktive i september 2016. 

Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuar er Astrid Olsen. 

Direkte adresse til denne sida  er http://bjorn.enes.memoar.no. Under videovindaauget er meir detaljar med tidskoder og klikkbare peikarar til innhaldet. 







bjørn Enes:




Stikkord om innhaldet: 

00:00:00 Lydbandet frå Bestefar
01:30:00 Opptakarteknologiane
02:03:00 Jounalistiske forteljingar er noko anna enn folk sin forteljingar
04:10:00 «Neveragain.no» - tidsvitneprosjekt 2005-2009
04:32:00 Stiftelsen Arklivet
07:08:00 Verdien av munnlege kjelder
08:14:00 Russerfangane
08:58:00 Ivan Korotcha
10:26:00 MS «Palatia»
12:06:00 Filtreringsleirar
13:34:00 Novorissisk
14:30:00 Seksti år gamle munlege fortelj9ngar
14:38:00 Edith Notowicz
17:48:00 Krigsseglarane
18:40:00 «Neveragain» måtte leggjast på is i 2009
19:35:00 Munnlege forteljingar i helsevesenet
20:43:00 Alle har ei forteljing å dele
21:43:00 Jostein Saakvitne
22:22:00 «Norgesdokumentasjon»
24:12:00 Kostnadane stuper
25:35:00 «Memoar» vart stifta 3. juli 2015
26:27:00 Intervjustudio
28:42:00 «Memoar» vart stifta på nett
29:18:00 Fyrste intervju – om tuberkulosen i Suhhordland
30:56:00 Dokumentasjonsmetode
31:46:00 Astrid Olsen
33:04:00 Ei forteljing er mange små forteljingar etter kvarandre
34:56:00 Jordmora
35:25:00 Dokumentasjonsmetoden per august 2016
37:30:00 Treg saksbehandling i kommunen
38:20:00 Arkiveringsløysing
40:31:00 Inga teknologisk utfordring i dag
41:31:00 Me må forstå at det ikkje er så enkelt for ein kommune
43:06:00 Intervjustudio opna i januar 2016
43:45:00 Studio er enkelt å bruka
45:47:00 Det er forteljaren som eig opptaket
47:24:00 Den fyrste innsamlinga – Industri.Memoar.no
48:52:00 Nikkelverket og vendepunktet i 1975
50:37:00 Arbeidsplassar eller teknologi?
52:01:00 Det hastar med å ta vare på desse forteljingane
53:03:00 Endringane forplanta seg frå industrien
54:38:00 Bokprosjekt om industrihistorie
56:24:00 Minneinnsamlinga på Nikkelverket hausten 2015
58:39:00 Det trengst ei stor innsamling av industriminner
01:01:27:00 Ei kulturform som må dyrkast
01:02:39:00 Alle delte forteljingane
01:03:59:00 Sjøfartsprosjektet
01:04:42:00 Om nynorsk
01:06:00:00 Bydelsinnsamling på Møhlenpris
01:06:54:00 Motkultur – 1960 . 1980
01:08:10:00 Krigsminneprosjekt
01:08:49:00 Kursutvikling
01:10:17:00 Norsk nettverk for munnleg historie og minnekultur

Ella Rafto

lagt inn 18. apr. 2018, 03:05 av Bjørn Enes

Ella Rafto fyller hundre år i november 2016. I mai og juni fortalde ho livshistoria si til to intervjuarar frå Memoar. Ho fortalde om 
 barndom og ungdomstid på Møhlenpris i Bergen. Ho hugsar svært godt frå barndomen sin - leikar, songleikar, leikeområde, dei ulike gatene og markene på Møhlenpris, skuletida, Puddefjordsferjene, trikken, tilhøvet mellom gutar og jenter og ikkje minst sommarferiane på landet. 
Ho tok handelsskulen og byrja å arbeide, fyrst på kontoret til Nilssen & søn som dreiv engroshandel med fiskeriutstyr i Sandviken, seinare på advokatkontor i sentrum. 
Då krigen kom, vart ho med i arbeidet med å distribuere illegale aviser. Ho vart avslørt, arrestert, forhøyrd - og sat det siste krigsåret fanga på Grini. Denne fyrste delen av intervjuet vart gjort på Konow senter i Bergen den 31. mai 2015. Intervjuarar var Bjørn Enes og Ada Freng frå Memoar.

Direkte adresse til Ella Rafto si nettside heiter http://Ella.Rafto.Memoar.no

Ella Rafto - Del 1


Stikkord - Del 1:

(Du kan gå rett til dei stikkorda som er blå ved å klikke på dei)

    00:10 Bergen frå hausten 1916

00:26 Far kontrormann

01:00 Begynte for seg sjølv

Elektrisk engros

02:27 Konsul Børs gate

04:29 Leikane

05:20 Hansamerker

05:54 Pikkeleisten

06:52 Songleikar

07:39 "Ut å gå på brannvakt"

08:42 Gutar / jenter

09:02 Hoppe bukk

09:21 Trippebukk

09:48 Skulen

09:48 Gutar / jenter

11:58 Skulefag

12:31 Skarlagensfeber

13:24 Karakterboka

14:09 Symjebassenget

14:55 På landet

16:44 "Småbarns sommerstue"

17:47 HSD "Vøringen"

18:29 Båt

20:05 Haust

21:36 Idrettsplassen og Småleken

23:39 Turn

24:15 Gymnaestrada

(Basel 1969, Zürich 1982)

(Stuttgart 1961)

(Wien 1965 - heimreise gjennom DDR?)

27:15 Puddefjordsferjene

Uren

Femøresfløtten

Peder i Dokken

Laksevågsferja

28:46 "I byen"

29:20 Trikken

30:55 Marineholmen

32:20 Splint

33:00 9. april 1940

35:21 Fyrste jobb hos Nilssen & Søn

36:04 Islandsbåtane

36:59 Fiskeriutstyr

37:45 Kontorarbeidet

41:30 Opsagt på kommunehuset

43:40 Olaf Ryes vei

45:20 9. april 1940

46:22 Motstandsarbeid

47:20 "Norsk vilje" - illegal avis 1944-45

47:50 Arrestasjon

48:42 Forhøyr

49:09 Grini

Lus

Tynn og tjukk stormsuppe

Vaskekjellaren

Systova

Mannsavdelinga

56:38 Mai 1945

Bergensgjengen

8. mai

Stasjonen i Bergen 10. mai

01:01:24 Meir om Grini

Fallskjermen

Tysklandstransportane

01:03:40 Meir - barndom på Møhlenpris

"Fotball forbode"

Bogekorps

Småleken

Møllajentene

Småmorken

Bredalsmarken

Fastings Minde

"Tussehuset"

Is på banen

Sonja Henie og Hjallis'en

Turnoppvising

Oppsagt av kommunehuset (rep)

01:13:23 "Vi blir sitjande her...."


Ella Rafto - Del 2


Stikkord - Del 2:

(Du kan gå rett til dei stikkorda som er blå ved å klikke på dei)

00:27 Etter 7. klasse

"I kondisjon"

Butikk

Fabrikk

01:29 Middelskulen

02:06 Tuberkulose

02:56 Eittårig handelskule

"Italiensk bokholderi"

04:40 Far trekte gymnassøknaden

05:15 Lønsnivå

06:21 Nilssen & Søn på Bryggen

08:36 Lang arbeidsveg

10:35 Sjefen var sjefen

Lunsj

Arbeidsorganiseringa

Handelsreisande

Islandsbåtane

Stenografi (15:25)

9-16 (14)

20:21 Fritid

Jenteklubb

Gutar?

"Duesleppet"

(Norrøna Ungdomslag)

Turnforeininga

Veteranlag

Stevner

Gymnaestrada

Djerv

Island

34:20 Ny jobb på advokatkontor i 1940

Diktafon - voksrull

Sjørettssaker

Blåpapir

39:24 April 1940 - permittert

40:12 Bombinga av Marineholmen

41:11 Bombinga av Holen Skule

42:50 Rasjonering

43:30 Tyskerjenter

44:39 Meir om bombing

45:30 Evakueringa

43:16 Kampane i april

48:51 Nasjonal Samling

"Heil og sæl" / "Heis og kvæl"

50:00 Arrestasjonen

Avhøyrd av Olav Mikal Njøten

54:04 Jan. -44 Kretsfengselet i Bergen

54:30 April -44 til Grini

"Bergensfamilien"

Doktor Astrid

Sjefen: 18mnd på einecelle

Mannsavdeling / kvinneavdeling

Sovesal med 37 køyer

Arbeid

Maten

"Bergensfamilien"

"Jentene"

Kveldane

Systova

Nyheiter

Meir om "jentene"

Apell

Transport

Sjulkecella

1:14:55 Freden

1:17:52 Samhald

1:18:51 Rabinowitzfamilien

1:20:56 Etter krigen

1:22:42 Tilbake på arbeid

1:24:50 Saker om krig / sjørettsaker

1:25:54 Gift

1:26:43 Ny jobb i Bergens Tidende

Redaksjonssekretær

Lesarbrev

Fredags- og sundagsvakter

1:33:16 Handelshøyskolen

1:36:07 Hushaldningsmsskinar

Hekla kleskokar

Klesrulle

Komfyr

Radioen

Høgtalaren

Fjernsynet

Telefonen

01:45:12 Hundreårsdagen

Fattigdom

Lus

Sabadilleeddik

Lus på Grini

Dusjeplikt

01:51:16 Vi klarte oss...

Far arbeidslaus

Begynte for seg sjølv

01:53:33 Slutt.


1-10 of 12